Gn00r er eit mørksynt musikalsk konsept som utforskar performativ kunst, menneskeleg og umenneskeleg musikk. Dei arbeidar i materiell og kroppsleg kontekst kryssa med materialet si eiga historie gjennom lyrisk og musikalsk improvisasjon.
I all tid har menneska vore i drift mot diffuse mål, under vekslande instruks og insentiv. Under vekslande hegemoniske teleologiske og eller teologiske vrangforestillingar om verdas natur, snublar menneskeslekta fram i dei fragile og forgjengelege maktstrukturane sine. Ein stad i ei vekslande rasjonell og irrasjonell topografi, går sivilisasjonane våre gjennom tida. I tida vår, står me i eit særdeles dystert vegkryss; der homo sapiens er i ferd med innføre ei ny masseutrydding på jorda.
Som ei preliminær bearbeiding av sorga rundt ei ny masseutrydding, inviterer Gn00r oss med på ei sonisk ferd inn i »Tabula Rasa Utopium»; ein song om ein etterpåklok naturlig heilagdom som berre kan, og vil oppstå på tross av etc.
Gn00r består av Hans Edward Hammonds og Fredrik Sele. Sammen arbeider de med svært spesielle materialer, som subtilt vever det musikalske inn i ei større samanheng, som handlar vel så mykje om framtida som fortida til livet på jorda?